Sponsor for besøk


Når du skal besøkje Noreg, må du vise at du har nok pengar til opphaldet ditt i Noreg og til heimreisa.

Du må kunne dokumentere at du har tilstrekkelege midlar til opphaldet ditt i Noreg og Schengen-området. Dersom du kan dokumentere dette, treng du ikkje sponsorskjema. Dette kan dokumenterast ved å legge fram kontoutskrift.

Om midlane blir rekna som tilstrekkelege, blir vurdert individuelt i kvar enkelt sak. Følgjande beløp er rettleiande utgangspunkt for kva som blir rekna som eit tilstrekkeleg minimum:

  • 300 kroner per dag blir rekna som eit tilstrekkeleg minimum dersom du skal bu hos familie eller vener, eller i førehandsbestilt og førehandsbetalt innkvartering.
  • 1 300 kroner per dag blir rekna som tilstrekkeleg dersom du ikkje har dokumentert førehandsbestilt eller førehandsbetalt innkvartering for heile opphaldsperioden. Dersom fleire personar reiser saman, bør beløpet vere minst 1 000 kroner per person per dag.

Dersom du ikkje har nok pengar sjølv, må du ha ein økonomisk garanti. Den du skal besøkje må då fylle ut eit sponsorskjema. 

Sponsorskjemaet er anten digitalt eller på papir. Brukar sponsoren din digitalt skjema, må personen eller verksemda sende deg sponsorkoden på fire bokstavar. Denne koden treng du når du søkjer om besøksvisum. Ha derfor denne koden klar når du byrjar å søkje. Dersom sponsoren din bruker papirskjema (for eksempel fordi du er visumfri), må sponsoren din sende deg ferdig utfylt og signert skjema. Dette tek du med deg når du reiser.

Eit sponsorskjema er gyldig i 6 månader etter at det har blitt utfylt og signert.

Informasjon til deg som skal besøke Noreg

  • Treng eg ein sponsor?

  • Kva er fordelane ved at eg har sponsorkode og ikkje papirskjema (sponsoren min har brukt elektronisk skjema)?

  • Kven kan ikkje bruke elektronisk sponsorskjema?

  • Behandling av personopplysningar

Informasjon til deg som skal vere sponsor for besøket

  • Kva er fordelane med å bruke elektronisk sponsorskjema?

  • Slik går du fram som privatperson (familie og venner)

  • Slik går du fram når du er frå ei bedrift/ein organisasjon

  • Korleis får eg sponsorkoden?

  • Slik sponsar du ein visumfri borgar

  • Innsyn i opplysningane om deg sjølv

  • Retting og sletting av sponsor- og invitasjonsskjema

  • Behandling av personopplysningar

Viktige meldinger

Fant du det du lette etter?